På vei til tjeneste i Tyskland

Til hausten skal eg flytte til Tyskland for å jobbe i forsamlinga Oase i byen Neubrandenburg 3 timar nord for Berlin, forteller Tormod Jordet. 3. juni kl. 19.00 forteller han mer om tjenesten han skal inn i på Evjens Minne.

På vei til tjeneste i Tyskland

 

Tormod Jordet går i dag på Ansgar Teologiske Høgskole. Planene for høsten er i ferd med å bli lagt. Tormod forteller selv:

 

Til hausten skal eg flytte til Tyskland for å jobbe i ei kyrke/forsamling der. Forsamlinga heiter Oase og er i byen Neubrandenburg som ligg ca. tre timar nord for Berlin. Byen er altså i den nordlege delen av gamle Aust-Tyskland, eit av dei mest sekulære områdane i heile verda. Svært, svært få menneske her kjenner Jesus. Området er også prega av store sosiale vanskar byen har faktisk opplevd fråflytting grunna dette. Oase driv mykje arbeid retta inn mot dei sosiale problema, og eg vil få vere med å bidra i dette.

 

Oase-forsamlinga er planta av Liebenzellmission. Dette er ein misjonsorganisasjon som kan samanliknast med Normisjon. Eg trur at sjølv om det kan vere tøft og vanskeleg, er me som kristne kalla til å vere lys på dei mørke plassane, flytte dit folk reiser vekk frå og formidle håpet i Jesus for alle som leiter og leiter, men ikkje finn det i verda. Difor ynskjer eg å reise til Tyskland for å være med på misjonsarbeidet der.

 

Søndag 3. juni kl. 19.00 forteller Tormod Jordet om tjenesten han forbereder seg til på Evjens Minne. Hjertelig velkommen!

  Kommentarer



19. september 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando