Sommartur 2018

I år blir det sommartur i staden for hausttur! Turen går til Hagaled gjestegård og Nesbyen fjellkyrkje.

Torsdag 28.juni: Buss frå frå Sundrehall kl 10.00 og Lienkrysset, Torpo kl 10.15.

Frå Nordbygdene køyrer me privatbilar ned til Hallingmøblar

 

Hagaled er ein av dei eldste gardane i Nesbyen, og har vore i familien i over 400 år.
Slektsboka kan fortelje om namn og hendingar heilt frå slutten av 1500-tallet.

Sigrunn Bæra Svenkerud tek imot oss med småmat og fortel og visar oss garden.

 

Etterpå besøker me Nesbyen fjellkyrkje. Her blir det eit program v/ Asle Stølsdokken som spelar, syng og har andakt.

 

Påmelding til Ål kyrkjekontor: 32086161 innan 1.juni.

Pris kr 250,- (inkluderar småmat, buss og program)

 

Arr: Diakoninemndene i Torpo, Nordbygdene og Ål

 

  Kommentarer



18. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando