Open kyrkje 27.mai! Sang frå 19-19.30. Open kyrkje fram til 21.
 


Open kyrkje 27.mai! Sang frå 19-19.30. Open kyrkje fram til 21.

Me startar med ei enkel samling kl 19.00 med musikk/sang. Audun Moen og Lene Bjørndal Midttun leiar lovsongen første halvtimen frå 19-19.30. Deretter er kyrkja open til kl 21.00.  Velkommen!

 

 

I tillegg til gudstenestetidene er det høve til å gå inn i Ål kyrkje kvardagane når nokon av dei tilsette arbeider i eller ved kyrkja.

 
Men ein del av oss har ikkje så godt høve til det og då kan me gå dit onsdagskveldane frå klokka halv åtte til ni. For meg er det ikkje viktigast kva som foregår eller kven som er der. Men at eg kan vera der. Berre vera. Og at det er andre der som også vil vera i Guds hus. 
 
Gud er overalt, han ser oss overalt, men det gjer noko med oss når me møter opp, stiller oss innfor Guds åsyn om eg kan seia det slik.
 
I fastetid og advent er det korte nattverdgudstenester frå klokka halv åtte.

Eg opplever  desse kveldane som viktige , både for meg og mitt kristenliv og for kyrkjelyden ved at kyrkja er i bruk noko meir enn dei sundagane det er messe. Tittelen "open kyrkje " syns eg også at kan vera eit motto, for sjølv om eg veit mange syns det er vanskeleg å gå i kyrkja så ynskjer eg at alle skal kjenna at kyrkja er open nok til å gå dit når dei kjenner at dei har bruk for det eller lyst til det.
 
Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

Asle Stølen
 


  Kommentarer



31. mai 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando