VIL DU BLI MED I OPPREIST TRO?

Oppreist Tro er eit tilbod for deg som går i 8. – 9. eller 10.trinn. Du lærer å takle ulike utfordingar i kvardagen din og får mulegheit til å reflektere over eigne verdiar og haldningar og bli meir bevisst på eigne val og forhold til tru. Det er to kvinnelige gruppeleiarar for jentegruppa og to mannlege for guttegruppa. Gruppene samles etter skoletid kvar tysdag to timar i veka fra kl 15 – 17 (17.30). På Evjens Minne. Første gang er 5.sept.

I gruppa tek ein for seg tema som berørar identitet, vennskap, sjølvbilde, mobbing, kommunikasjon, hersketeknikkar, konfliktløysing, grensesetting, kjærestar, trufastheit, seksualitet, tilgjeving, festing og rus, m.m.

 Me startar med å lage mat og ete saman og går deretter i gruppe. Etter gruppene er det ungdomsklubb på Que Pasa. Det blir hyttetur fredag – til laurdag 15. – 16.september

Gruppene blir leia av: Håkon Haug Laa og Terje Nordal. Aurora Elvira Flage Plischewski og Hilde Kirkebøen

Om du vil vere med i Oppreist tro, så send meg ein mail eller ring: Hilde.kirkeboen@hallingnett.no, Tlf: 40 45 57 83    Påmelding innan 1.sept til:

 

O    Opplæring på ulike områder, oppmuntring og støtte.

P – Positiv livsstil, der du trur på deg sjølv og støttar andre.

P – Personlighetsutvikling, der du blir møtt med respekt for eigne meiningar

R – Raushet for eigne tabber. Styrke relasjonar. Refleksjon om rus.

E – Empati og mulegheit for å dele eigne opplevingar og erfaringar.

I – Inkludering i eit trygt fellesskap der du kan bygge din Identitet.

SEin stad der du kan Styrke din Sjølvtillit og stille Spørsmål

T – Ein Trygg stad fordi alle har Taushetsplikt og vil det beste for  kvarandre. Tørre å vere seg sjølv.

 

T – Trusstyrkande fellesskap. Lære kva trua på Jesus handlar om og kva det inneber å følge han.

R – Reflektere over eigen tru. Mulegheit til å bygge ein relasjon til Gud og andre menneske.

O – Bli ståande Oppreist i di tru

 

  Kommentarer



20. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando