Sekretær i 40% stilling ved Ål kyrkjekontor

Sekretær i 40% stilling ved Ål kyrkjekontor 
Ledig frå 7. august 2017

 

Ål kyrkjelege fellesråd har 12 tilsette. I det daglege samarbeider me tett med dei tre prestane våre. Me har tre soknekyrkjer, fjellkyrkje og naturkatedral. Som ein prøveordning er sokneråda slege saman til eitt råd. Me har eit godt og allsidig arbeid innan musikk, trusopplæring, diakoni og gudstenesteliv.

 

Sekretær i 40% stilling ved Ål kyrkjekontor

Ledig frå 7. august 2017

 

Kvalifikasjonar:

  • Sekretærutdanning eller tilsvarande
  • Kontaktskapande og arbeidssam
  • Fleksibel og punktleg
  • Likar samarbeid
  • Kan bruke begge målføre
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Har datakunnskap over gjennomsnittleg nivå

 

Oppgåver:

  • Publikumskontakt gjennom ekspedisjon og sentralbord
  • Post / arkiv
  • Kyrkjebokføring og statistikk
  • Oppfylgjing av nettsider
  • Kunngjeringar og informasjonsarbeid
  • Oppfylgjing av soknerådsarbeid

 

Det er ynskjeleg at sekretæren tek del i arbeidet med kyrkjebladet.

 

Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja, og arbeide lojalt i høve kyrkja sin bodskap.

 

______________________________

 

Med atterhald om finansiering er det frå 7. august ledig

Stilling som sekretær/ rådgjevar i 20% ved prostekontoret i Hallingdal

 

Prosten held til ved Ål kyrkjekontor og samordnar prestetenesta i Hallingdal.

 

Kvalifikasjonar:

  • Som for sekretærstillinga
  • Søkjar må også ha inngåande kjennskap til kyrkjeleg organisering, liv og virke.

 

Sekretær / rådgjevar bistår prosten med mellom anna:

  • Planarbeid
  • Organisere vikarteneste
  • Høyringsuttaler
  • Kontakt med lokale og sentrale organ

 

Stillingane kan søkjast kvar for seg, eller saman.

 

Lønn- og tilsetjingsvilkår etter kyrkjelege avtaler og tariff. Medlemskap i pensjonsordning.

 

For meir informasjon, kontakt kyrkjeverje Kjellfred Dekko tlf nr. 926 41198, eller prost Vigdis Moen Storhaug tlf nr. 482 53248.

 

Søknad med attester, vitnemål og referanser til aal.kyrkje@hallingnett.no innan 24. april.

  Kommentarer



20. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando