Konfirmasjonsdagar i 2019 - 2023

Konfirmasjonsdagar i kyrkjene i Ål i årene som kjem.

Konfirmasjonsdagar i kyrkjene i Ål

 

 

Sokneråda i Ål, Torpo og Leveld gjorde i 2015 fylgjande vedtak:

 

 

Det blir normalt avvikla 4 konfirmasjonsgudstenester i Ål.

 

Ei konfirmasjonsgudsteneste i Ål kyrkje 2. sundag i mai (viss 1. mai er sundag, blir det konfirmasjon 3. sundag i mai) – inntil 16 konfirmantar.

 

Ei konfirmasjonsgudsteneste i Torpo kyrkje 1. sundag i mai (viss 1. mai er sundag, blir det konfirmasjon 2. sundag i mai) – inntil 10 konfirmantar.

 

Ei konfirmasjonsgudsteneste i Leveld kyrkje 1. sundag i juni (viss det fell saman med pinsedag, blir det konfirmasjon 2. sundag i juni) – inntil 8 konfirmantar.

 

Ein laurdagskonfirmasjon i Ål kyrkje, felles for alle sokn, same helg som det er konfirmasjon i Leveld – inntil 16 konfirmantar.

 

Ved fleire interesserte enn 16 konfirmantar, blir det avgjort ved loddtrekking kven som får  laurdagskonfirmasjon.

Gjennomføring av konfirmasjonsgudsteneste laurdag føreset at denne dagen er ønska av tilstrekkeleg mange, slik at det er plass til resterande konfirmantar i dei andre konfirmasjonsgudstenestene. Her tek ein omsyn til både talet på konfirmantar i kvart sokn og ønske om konfirmasjon i anna sokn. Viss for få ynskjer laurdagskonfirmasjon, blir det 2 konfirmasjonsgudstenester i Ål kyrkje sundag, om talet på konfirmantar tilseier det.

 

 

 

Konfirmasjonsgudstenester i kyrkjene i Ål komande år:

 

  2019 2020 2021 2022 2023
Torpo kyrkje 5/5 3/5 2/5 8/5 7/5
Ål kyrkje 12/5 og 1/6 10/5 og 6/6 9/5 og 5/6 15/5 og 11/6 14/5 og 3/6
Leveld kyrkje 2/6 7/6 6/6 12/6 4/6

 

  Kommentarer



13. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando