Tre ungdomar fra Ål på Gå Ut Senteret i Trondheim

I år er det tre ungdomar fra Ål som går på Gå Ut Senteret (GUS) i Trondheim. 

Tre ungdomar fra Ål på Gå Ut Senteret i Trondheim

 

I år er det tre ungdomar fra Ål som går på Gå Ut Senteret (GUS) i Trondheim. GUS som før var i Hurdal vart i fjor flytta til Trondheim. No er det eit samarbeid med Salem, Normisjon si forsamling i Trondheim, og i år er det 42 elever der. 

 


Ungdomane fra Ål går på Global disippel-linja, der dei først er ca.2,5 mnd på skulen før dei reiser til eit anna land i 4,5 mnd, og så resten av skuleåret på GUS. Om praksisen i utlandet heiter det: ein smak av misjon og 4,5 mnd i ein annan kultur. 


Tormod Jordet skal på team til Tsjekkia. Det er eit pionerarbeid for å nå ungdom i Europa med evangeliet, bl.a. blant ungdom i byen Ostrava der dei fleste ungdomane har vakse opp med at Gud ikkje finnes. 


Ingvild Tveit skal til Bali i Indonesia, der skal dei gjera eit meiningsfullt arbeid i møte med barn og kvinner som lever på gata i ein provinshovedstad.


Ingrid Bekkestad skal til Kambodsja, der dei bl.a. skal vera med på arbeid i ei ungdomsmenigheit og ei bibelskule. Seinare skal dei jobbe på eit kristent internat for landsbyungdom, og dei skal delta på barne- og ungdomsleirer m.m.


Vær gjerne med å be for desse ungdomane når dei skal ut i andre land og kulturer. Og så håper eg at dei seinare kan skrive litt om kva dei har opplevd  desse månadene. 

 

  Kommentarer



25. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando