HEI ALLE 4-ÅRINGAR. VELKOMEN TIL KYRKJE

No er det tid for å dele ut "Mi kyrkjebok" til alle 4-åringar i Ål, Torpo og Leveld. I august og september blir det to ettermiddagssamlingar og gudsteneste med utdeling av bok, i kvar av kyrkjene.

Kjenner du ein 4-åring må du fortelje at han/ho er velkommen i kyrkja. I desse dagar blir invitasjon sendt i posten. Skulle du ikkje ha fått invitasjon (me sender ut i posten berre til dei som er døypte) kan du finne program og tider for dei ulike kyrkjene nedanfor. Alle er like velkomne!
Me gler oss til å fylle kyrkjerommet med livlege 4-åringar. Me ynskjer at dei skal bli kjend og kjenne seg heime og oppleve seg velkomne i kyrkja vår. På samlingane skal me synge, høyre forteljing og lage noko.
Det er lov å ha med seg ein vaksen og me oppmoder gjerne fadrar til å vere med på både samlingane og/eller gudstenestane for 4-åringane.
Alle 4-årssamlingane blir avslutta med gudsteneste. I Ål blir denne ei ute-gudsteneste  på bygdamuseet på Ål. På Torpo slår vi saman samlinga også for dei som er 5 år. Desse får "barnebibel" i gåve.
 

ÅL
Ettermiddagssamling 30.aug kl 17.30-18.30
Ettermiddagssamling 5.sept kl 17.30-18.30
Gudsteneste på Ål bygdamuseum sund 10. sept kl 13

LEVELD
Ettermiddagssamling 6.sept kl 17.30-18.30
Gudsteneste i Leveld kyrkje sund 10. sept kl 11
Ettermiddagssamling 13.sept kl 17.30-18.30

TORPO
Ettermiddagssamling 23.aug kl 17.30-18.30
Ettermiddagssamling 29.aug kl 17.30-18.30
Gudsteneste i Torpo kyrkje sund 3. sept kl 11

  Kommentarer



23. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando