Sorggruppe - noko for deg?

 Introduksjon /informasjonskveld om sorggruppe onsdag 29 november kl 18 i sakristiet, Ål kyrkje.

Sorggruppe for alle som har mista ein ektefelle, sambuar, eller nokon i nær relasjon.

For somme kom døden brått, for andre meire venta. Men å miste nokon i nær relasjon vekkjer tankar og kjensler hjå oss. Å setje ord på dette kan vere til hjelp. Dette er ei gruppe der vi kjem saman for å gi rom for sorga, støtte og hjelpe kvarandre. Leiarane og deltakarane har teieplikt. Ein kvar må sjølv vurdere kva ein vil seie og kva ein vil halde for seg sjølv.

Det vil vere ei enkel samtaleform rundt ein kopp kaffe og te. Me tek  utgangspunkt i aktuelle tema og temaer deltakarane i gruppa ynskjer å ta opp. Alle får mulegheit til å snakke om sine opplevingar

Gruppa vil møtast seks gonger i sakristiet bak i kyrkja.

På fyrste samlinga vil me bestemme møtedagar og tidspunkt for samlingane framover.

Meld frå til kyrkjekontoret om du treng skyss.tlf: 3208 6161 

Ved spørsmål ring: 40 45 57 83

Dersom det blir færre enn 4 påmeldte vert det ikkje gruppe

Hilde Kirkebøen, diakon                                 

Vigdis Moen Storhaug, sokneprest

  Kommentarer



16. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando