Sorggruppe

 Sorggruppe startar oppigjen hausten 2018.

Sorggruppe for alle som har mista ein ektefelle, sambuar, eller nokon i nær relasjon.

For somme kom døden brått, for andre meire venta. Men å miste nokon i nær relasjon vekkjer tankar og kjensler hjå oss. Å setje ord på dette kan vere til hjelp. Dette er ei gruppe der vi kjem saman for å gi rom for sorga, støtte og hjelpe kvarandre. Leiarane og deltakarane har teieplikt. Ein kvar må sjølv vurdere kva ein vil seie og kva ein vil halde for seg sjølv.

Det vil vere ei enkel samtaleform rundt ein kopp kaffe og te. Me tek  utgangspunkt i aktuelle tema og temaer deltakarane i gruppa ynskjer å ta opp. Alle får mulegheit til å snakke om sine opplevingar

Gruppa vil møtast seks gonger i sakristiet bak i kyrkja.

Meld frå til kyrkjekontoret om du treng skyss.tlf: 3208 6161 

Ved spørsmål ring: 40 45 57 83

Hilde Kirkebøen, diakon                                 

 

  Kommentarer



18. september 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando