Stor gudsteneste med mange aktørar
Sundag 27.april var det mange til stades og mange involverte i gudstenesta i Ål kyrkje. Folkemusikkgudsteneste med besøk av Barokkanerne, dansarar frå Ål Kulturskule, 51 konfirmantar + Ål kantori og tilsette og frivillige elles.
Nokre hugsar overhøyringa før konfirmasjon. Andre er kjend med samtalegudsteneste. Denne sundagen skulle konfirmantane i størst mogeleg grad lage gudstenesta sjølve, før konfirmasjonane står for døra. I tillegg var det førebudd besøk av Barokkanerne og gjort avtale med kulturskula. 

Det blei ein fest som 201 personar fekk oppleve og 95 var til nattverd som vart delt ut av prest og konfirmant. Konfirmantane sto i døra og ynskte velkommen. Dei leia prosesjonen føre dåpsfølgje. Dei hadde vald ut tekstar og las dei, leia truvedkjenninga og samla inn takkoffer. Konfirmantar var forsongarar og hadde dramatisering av evangelietekst. Dei las bøner og hadde pynta kyrkjerommet og laga til bønestasjoner og førebudd programark. Og dei sto for kyrkjekaffien etter gudstenesta. Og ei bildekavalkade frå konfirmantåret blei også presentert.

Etter gudstenesta leia soknerådsleiar kyrkjelydsmøte i Kyrkjestugu som vedtok å ta i bruk den nye salmeboka. 

  Kommentarer



25. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando